Vi har sett i verk ei rekkje tiltak i barnehagen og på skulen for å hindre smitte. Trafikklysa med grønt, gult og raudt nivå viser kva for smitteverntiltak som gjeld for skulane for dei ulike nivåa. Det er smittesituasjonen i Noreg som avgjer kva for nivå vi skal følgje.
Det er no beslutta frå sentralt hald at alle skular og barnehagar i Norge skal starte på gult nivå i trafikklysmodellen, uavhengig av smitteomfanget i kommunen.
Vi er i den heldige situasjonen at det er 0 smitte i Vågå og i Nord-Gudbrandsdalen pr no, men vi skal like fullt starte på gult nivå som eit førebyggande tiltak.