Skule- og barnehagestart 2020 - koronatiltak

I følgje Fylkesmannen i Innlandet og Utdanningsdirektoratet er alle skular og barnehager er definert på gult nivå. Kommunane har ikkje moglegheit til å nedjustere dette sjølve, trass lågt smitteomfang. Dette inneber at skulane og barnehagane er definert på gult nivå frå og med måndag 17. august.

Under finn du informasjon om dei ulike stega.

Meir detaljert informasjon om Vågåmo skule og Lalm skule kjem i morgon, fredag. Foreldre og føresette får informasjon tilsendt direkte frå skulen.

For barnehagane gjeld følgjande tiltak frå måndag:

  • Opningstid frå 07.30 - 16.00
  • Avdelingane blir halde adskilt
  • Overflatespriting ein gong pr dag

 

Skulestart 1. klasse ved Vågåmo skule

  • Alle 1. klassingane med foreldre møter i amfiet. Klassa blir så delt inn i puljar slik at 6-7 elevar om gongen kan få følgje av båe foreldra sine inn i klasserommet.
  • Skulegarden blir delt inn klassevis
  • Overflatespriting ein gong pr dag

 

Vågå ungdomsskule

Skulestart måndag 17. august:

  • 8. steg skal møte på Kulturhuset klokka 0800. 
  • 9. og 10. steg møter ute på skuleplassen klokka 0800 og blir henta av kontaktlærar og teke med inn på klasserommet.

Buss:

  • Det skal i perioden 10. august-18. september gjerast ein del anleggsarbeid utanfor skulen der bussane stoppar og ved gjesteparkeringa. Dette er for å gjera det tryggare for elevane når dei går av bussen og inn på skuleområdet, og for å lage ei sone for foreldre som kjører/hentar elevane. Det betyr at bussane dei fyrste vekene vil koma og gå frå Halland. 

Korona:

  • Vi skal frå skulestart kjøre etter gult nivå. Det blir fokus på hygiene, handvask og spriting og kontaktflatevask ein ekstra gong i løpet av skuledagen. Elevar som er sjuke skal ikkje koma på skulen.
  • Elevar som er avhengige av skuleskyss tek det som vanleg – avstandsregelen gjeld ikkje for skuleelevar på buss.

Friminutt:

  • På gult nivå skal elevane oppfordrast til å halde avstand mellom kohortane/gruppene jamfør smittevernrettleiaren for ungdomsskule. Dei to fyrste vekene vil vi dele inn skulegarden i soner for kvart årssteg, så tek vi ei ny vurdering av det etter desse to vekene.

 

Kva er gult nivå

1. Ingen sjuke skal møte på skulen

2. God hygiene og forsterka reinhald

3. Kontaktreduserande tiltak:

  • Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhelsing og klemming)
  • Heile klasser kan ha undervisning saman
  • Elever bør ha faste plassar i kvart klasserom eller faste samarbeidspartnarar/-grupper
  • Tilsette kan veksle mellom klasser, men bør halde avstand til elevar så langt som råd
  • Utanfor klasserommet er elevar og tilsette oppmoda om å halde ein meter avstand i alle situasjonar
  • Unngå trengsel og store samlingar

 

På Utdanningsdirektoratet sine sider står det:

Skolene skal følge gult nivå i trafikklysmodellen, med mindre lokale helsemyndigheter beslutter at det skal være rødt tiltaksnivå. Ved gult nivå kan hele skoleklasser være samlet, og alle elever skal få et fulltidstilbud på skolen med ordinære skoledager. Det er ikke behov for å gjøre avvik fra opplæringsloven. Foreløpig er det ikke åpnet for at det kan gjøres lokal nedjustering til grønt tiltaksnivå.

Skoleskyss

Elever som er avhengig av skoleskyss, må få den skoleskyssen de trenger for å komme seg til og fra skolen. Elever som skal til og fra skolen skal prioriteres framfor andre reisende, og reisende oppfordres til å ta hensyn til dette. 

 

Foreldremøte:

  • 8. steg: onsdag 26. august klokka 19.00
  • 9. steg: onsdag 9. september klokka 18.30
  • 10. steg: måndag 24. august klokka 18.00

NB! Alle foreldremøta er på kulturhuset.