Vågå har døgnkontinuerleg brannvakt, og brannvesenet består av 5 befal og eit mannskap på 11.
Hovudmålet med tenesta er at Vågå kommune har eit brannvesen som er organisert, utrusta og bemanna, slik at oppgåver pålagt i lov og forskrifter blir utført tilfredsstillande, sett i forhold til kartlagt risiko og sårbarheitsanalyse, jf brannloven §§ 9 og 11.
Brannstasjonen har adresse Industrivegen 37.
Er du bekymra for din eller andre sin branntryggleik? Har du sett noko du meiner kan vere potensielt brannfarleg? Meld det inn via branntips.no.
Vågå kommune har ei brannordning som vart revidert og godkjend i kommunestyret 2020.
Brannvesenet er organisert med ei beredskapsavdeling og ei førebyggjande avdeling.
Befalet i brannvesenet har ei femdelt vaktordning som går kontinuerleg 24 timar i døgnet, 365 dagar i året. Det er fast vaktordning for nokre brannkonstablar i påska og elles etter behov.
Brannvesenet har bakvakt for alle kommunale bygg/eigedomar, heisalarmar og tekniske alarmar.
"Mens du venter på ambulansen"
Vågå brannvesen er med i prosjektet "Mens du venter på ambulansen" i samarbeid med Norsk Luftambulanse. Mannskapet har gjennomført spesialkurs som gjev innføring i førstehjelp ved akutt sjukdom og/eller ulykke. Brannvesenet er utstyrt med ein akuttbag med m.a. oksygen, førstehjelpsutstyr og hjertestartar.
I akutte situasjonar der ambulanse er langt unna eller ber om assistanse, vil mannskap frå brannvesenet rykkje ut og gje pasientbehandling.
Mannskapsliste
Befal
Arne Reitan Sæther - brannsjef for Vågå og Sel
Bjørn Tore Aspen - utrykningsleiar
Stig Joar Sanden - utrykningsleiar
Stian Rugsveen - vikar utrykningsleiar
Roar Strand - utrykningsleiar
Mannskap
Roar Øygarden - brannkonstabel
Pål Øygarden - brannkonstabel
Tom Jøransen - brannkonstabel
Rolf Grev - brannkonstabel
Ragnar Grøsland - brannkonstabel
Egil Kveen - brannkonstabel
Knut Grev - brannkonstabel
Rune Magne Lien - brannkonstabel
Tor-Even Vågheim - brannkonstabel
Roar Berg - brannkonstabel
Stian Kleven - brannkonstabel
Eli Blankenborg - brannkonstabel (fast frå 1.1.23)
Brannvernopplæring og utleige utstyr Vågå brannvesen 2023