Vi har koronavaksine tilgjengeleg.  Ønskjer du vaksine, ta kontakt med legekontoret på tlf 61 29 37 00.

Vi har også sjølvtester. Henvend  deg på legekontoret så får du utdelt sjølvtest gratis.

Vågå kommune gir tilbod om ei 4. oppfriskingsdose for aldersgruppa 18-64 utan underliggande sjukdom.

Torsdag 15. september, kl 15.00 - 17.00, blir det koronavaksinering i Vågå kulturhus for aldersgruppa 65+. 

Det blir koronavaksinering i Vågåhallen, torsdag 8. september 2022.

Vi ønskjer at aldersgruppa 75+ møter frå kl 10.00 - 13.00 og at aldersgruppa 65+ møter frå kl 13.00 - 16.00.

Vågå helsesenter tilbyr koronavaksinering: fredag 17. juni og måndag 27. juni.

Båe dagar frå kl 12.00 - 15.00.

Vågå helsesenter vil ikkje utføre PCR testing fredag 04.03.22.
Det vert ikkje vaksinering i veke 10 og 11, men ta kontakt med helsesenteret på telefon: 61293700 om du ønskjer vaksine i veke 12

Det blir drop-in  koronavaksinering måndag 28.02.22 kl 10-12

Har du ikkje fått 1. dose eller mangler 2. dose eller 3. dose  vi deg til oppmodar vi deg å møte opp for vaksinering denne dagen.
Har du hatt korona i løpet av dei siste 6 månadene treng du ikkje vaksine.

Ring gjerne helsesenteret for å melde frå at du ynskjer vaksine.

Eller møt opp.

Stad: Kjellaretasjen på Vågåheimen inngang heimsjukepleia.

Grunna dei nye retningslinene så klarar ikkje lenger Vågå helsesenter å halde oversikt over kor mange som er i isolasjon til ei kvar tid. 

Vi oppfordrer alle til å følgje råd om smittevern: 

Råd om smittevern

  • Ha god hand- og hostehygiene
  • Følg vaksinasjonsprogrammet
  • Test deg ved symptom. Barn i barnehagealder og skuleelevar er unnateke. Det er ikkje lenger naudsynt å teste seg dersom du ikkje har symptom.
  • Ved positiv koronatest bør vaksne halde seg heime i fire dagar.
  • Ta kontakt med legen din dersom du er bekymra for eigen helse eller for barnet ditt.

Regjeringa fjernar alle forskriftsfesta tiltak mot covid-19, inkludert krav om munnbind, ein meter avstand og plikt til isolasjon ved sjukdom. Endringane gjeld frå laurdag 12. februar kl. 10.00.

Sjå nærmare her.

Pr i dag er det om lag 20 personar i isolasjon i Vågå. Vi ser at smittetrenden er stigande og reknar med at det finst ein del ukjend smitte i befolkninga.