Vi har fått eit nytt smittetilfelle i Vågå. Smittevegen er kjend og nærkontaktar er sett i karantene.

Alle testane for Covid-19 som er teke i Vågå er nå analysert og det er ingen nye positive testresultat i dag 31.12.2020. Vi håpar på at denne positive utviklinga held fram, men må vera førebudd på fortsatt strenge smitteverntiltak og at nye positive testresultat kan koma. Vi ber derfor alle om å ta vare på kvarandre og sørge for god smittehygiene i året som kjem.

Godt Nyttår!

 

Det er i dag påvist to nye smittede i Vågå. Smittevegen er kjend og båe er i isolasjon.

Når du tek test skal du vera i karantene til du får svar på prøva di.

Svaret blir lagt ut på helsenorge.no så fort det er ferdig.

Får du positivt svar på prøva di skal du rett i isolasjon i 10 dagar.  NB! Ingen kontakt med andre.

Er du nærkontakt til positiv smitta, skal du vera 10 dagar i karantene uansett om du får negativt svar på prøva di.

Nærkontakt betyr at du har vore nærmare enn 2 meter og meir enn 15 minutt saman med ein person.

Blir du oppgjeve som nærkontakt til ein som har testa positivt vil du blir oppringt og satt i karantene i 10 dagar. Testing etter 3-5 dagar frå du var i nærkontakt.

 

Hilsen smittesporingsteamet

Av dei vel 30 testane som var teke laurdag 26.desember er alle nå analysert og vi har fått bekrefta to nye positive prøvesvar. Smittekjelda er kjent. Pr. nå har vi 18 personar i isolasjon og 25 i karantene.

Legg også ved ei påminning om Juleråd frå Helse- og omsorgsdepartementet:


  

Vi melder om ytterlegare fem påvist smitta i dag 24.12.20. Smittevegen er kjend og fleire er sett i isolasjon og karantene.

Kriseleiinga oppmodar alle på det sterkaste om å avgrensa sosial kontakt og følgje karantenereglane. Sjå: Karantene og isolasjon - Fhi

Kriseleiinga i Vågå kommune har hatt eit møte no, onsdag ettermiddag. Det er påvist ytterlegare to smitta sidan i går. Desse har kjend smitteveg og er sett i isolasjon.  

Vågå har nå 15 i isolasjon og 63 i karantene.

Helsesenteret har også i dag fått tilbakemelding på mange innsendte testar. Alle desse er negative, altså det er ingen nye  smitta i løpet av dagen. Pr. i dag har Vågå 13 personar som er påvist smitta. Ytterlegare ca. 30 testar er levert til Lillehammer i dag.

Resultatet frå desse vil bli offentleggjort så snart dei er klare.

 

Alle prøver, ca 70 stk, som vart sendt inn før helga er no analysert, og av desse er det ei - 1 - positiv prøve. Dei øvrige er negative. Dette siste smittetilfellet har samanheng med utbrotet før helga, slik at smittevegen er kjend og vedkomande var allereie i karantene.

Det er i dag sendt inn ytterlegare ein god del prøver, og resultat frå desse vil bli offentleggjort så snart dei er klare.