Covid-situasjon i Vågå 24.12.20

Vi melder om ytterlegare fem påvist smitta i dag 24.12.20. Smittevegen er kjend og fleire er sett i isolasjon og karantene.

Kriseleiinga oppmodar alle på det sterkaste om å avgrensa sosial kontakt og følgje karantenereglane. Sjå: Karantene og isolasjon - Fhi

Vi gjentek FHI sine råd til alle i befolkninga:

  • Husk god hand- og hostehygiene.  
  • Hald 1 meter avstand til andre enn dei du bur med. Unngå fysisk kontakt, inkludert handhelsing og klemming.      
  • Risikoen for smitte er høgare innandørs enn utandørs, særleg i små og dårleg ventilerte rom.
  • Dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon, må du halde deg heime og du bør ta ein test.
  • Hald minst to meters avstand når du skal vere ekstra forsiktig, til dømes er i kontakt med personar i risikogrupper og når det er mykje smitte i samfunnet.

Definisjon på nærkontakt:

  • Dykk har vore nærmare enn 2 meter i meir enn 15 minutt eller teke på kvarandre.
  • Gjeld dersom man har vore i samen med ein som er bekrefta smitta i mindre enn 48 timar før den smitta fekk dei første symptoma.