Vi minnar om vaksinasjon fredag 10.12.2021 frå kl 13.00-17.00 i Vågåhallen

Det er eit nasjonalt mål at alle over 65 år og personar med underliggande sjukdommar skal ha fått 3. vaksinedose før jul. Desse gruppene er difor vår fyrsteprioritet i massevaksinasjonen fredag 10.12.2021 i tidsrommet 13.00-15.00.

I tidsrommet frå kl 15.00-17.00 ber vi personar over 60 år, pluss personar som ikkje har fått 1. og/eller 2. dose om å kome.

Regjeringa la fram nye nasjonale smitteverntiltak som skal gjelde frå kl. 24.00 natt til torsdag 09.12.21. Dei vil vara i fire veker, men blir vurdert etter to veker. Sjå nærmare detaljar her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/nye-nasjonale-smitteverntiltak-for-a-beholde-kontrollen/id2891395/

Vi har fått to nye smitta i Vågå i dag.

Regjeringa la fram nye nasjonale smitteverntiltak i kveld. Dei vil gjelde frå midnatt natt til torsdag 09.12.21.

Sjå nærmare detaljar her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/nye-nasjonale-smitteverntiltak-for-a-beholde-kontrollen/id2891395/

 

Vi har fått fire nye smitta i løpet av dagen, nokon av dei var allereie i karantene. Så langt vi veit verkar det for å vere god kontroll på situasjonen, men det kan framleis vere villsmitte.

Vågå kommune vil ikkje stramme inn ytterlegare slik situasjonen er nå, men vil følgje dei nasjonale retningslinene.

Vågå kommune har ikkje fått nye positive smittetilfelle i dag. Dei tidlegare positive sjølvtestane er bekrefta med PCR i dag.

Smittesituasjonen i Vågå er framleis noko uavklart, og vi har fått 4 nye  positive tilfeller i dag.

Vågå kommune ber om at personar som har vore ute på sosiale aktivitetar i Vågå siste veka tester seg mot koronasmitte. Dette gjer kvar einkelt med ein sjølvtest.

Vågå kommune har fått eit utbrot, hittil har vi 11 smitta personar primært knytt til eit arrangement i Sjårdalen laurdag 20.11.21. Arrangøren har oversikt over namn og telefonnummer på alle som var der og dei blir bedne om å testa seg.

Det er kjent smitte i Vågå.

Vågå kommune arbeider med og få oversikt over situasjonen og vil koma attende med meir informasjon i efta.