Covid-19 oppdatering 09.12.21

Det er oppdaga to nye positive smittetilfelle av korona i Vågå i dag. Det eine tilfelle har kjent smitteveg, og i eitt tilfelle er smittevegen er uavklart. Dette viser at vi framleis kan ha ukjent smitte i befolkninga og at vi må vise omsyn i omgang med andre.

Vågå følger dei nasjonale retningslinene som står på regjeringen.no.

Vi minner om massevaksinasjon for alle over 60 år, sårbare grupper, og alle som ikkje har teke 1. eller 2. dose, i Vågåhallen i morgon frå kl. 13.00-17.00.

Personar over 65 år samt sårbare grupper møter til vaksinasjon i tidsrommet mellom kl. 13.00-15.00. Dei resterande over 60 år, pluss dei som ikkje har teke 1. eller 2. dose kjem i tidsrommet mellom kl. 15.00-17.00.