Covid-19 oppdatering 02.12.2021

Vågå kommune har ikkje fått nye positive smittetilfelle i dag. Dei tidlegare positive sjølvtestane er bekrefta med PCR i dag.

Sjølv om det nå blir varsla om endringar og innstrammingar for fleire norske kommunar er ikkje Vågå kommune omfatta av dei nye nasjonale endringane og det blir difor ikkje nye innstrammingar for Vågå slik situasjonen er nå.

Vi legg opp til massevaksinasjon i Vågåhallen fredag 10 desember mellom kl 13.00-17.00.
Vi ber om at personar i gruppa 65+ eller med underliggande sjukdommar møter opp i tidsrommet mellom kl 13.00- 15.00.

Vi ber om at personar som er 60+ og personar som ikkje har teke 1. dose og personar som er klar for 2. dose kjem til hallen mellom kl 15.00-17.00.