Korleis opplever du som innbyggar reiselivet i Nord‑Gudbrandsdalen?Nord‑Gudbrandsdalen arbeider målretta for å bli resertifisert som Berekraftig reisemål. Dette er eit langsiktig arbeid som handlar om å utvikle reiselivet på ein måte som tek vare på naturen, lokalsamfunna og dei unike stadene vi bur på.For å lukkast treng vi kunnskap om korleis reiselivet faktisk blir opplevd av dei som kjenner regionen best – nemleg innbyggjarane.Vi vil høyre frå deg!No inviterer vi alle innbyggjarar i Vågå til å svare på ei kort spørjeundersøking. Dine svar gir verdifull innsikt i korleis reiselivet opplevast lokalt, og kva som skal til for at utviklinga skal vere positiv for både innbyggjarar, natur og næringsliv.Undersøkinga tek berre nokre få minutt å gjennomføre, og som deltakar blir du med i trekninga av:to billettar til Gjendebåtento årskort til Galleri UllinsvinFrist 6. aprilDelta her påInnbyggerundersøkelsen 2026: https://no.surveymonkey.com/r/Innbyggerundersokelse2026 Vi håpar du vil ta deg tid til å dele dine erfaringar – det betyr mykje for arbeidet med ei berekraftig framtid for reiselivet i Nord‑Gudbrandsdalen.Du kan lese meir om ordninga Berekraftig reisemål her:Merket for Bærekraftig reisemål | En nasjonal merkeordning Publisert av Live Brimi Sist endret 23.04.2026 09.48
Utstyrssentral i Vågå, gratis utleige av utstyr Vågå kommune har no friluftslivsutstyr og el-syklar til utlån, og alt utlån skjer gjennom Vågå bibliotek. Publisert 22.08.2019 kl. 10.10
Aktiv sommarferie 2019 I år blir det Aktiv sommarferie i tida 12. - 16. august, kl 9-15 kvar dag, med frammøtestad på Halland.Dette er eit tilbod for born fødd i åra 2012 - ... Publisert 02.08.2019 kl. 10.18
Innspel til kulturkalender for hausten Vågå og Sel gir ut felles trykt kulturkalender, som blir distribuert til alle husstander, reiseliv og bedrifter mv. Har du innspel til arrangement som ... Publisert 01.08.2019 kl. 12.51
Utvida opningstid ved miljøstasjonen i Vågå Utvida opningstider på miljøstasjonen i Vågå, fredag 26. juli kl. 12-18. Det er spesielt fjellområda med setrer og hytter som må ryddast for søppel, s... Publisert 23.07.2019 kl. 10.35
Barneverntjenesten i Sel Vågå Lom og Skjåk har behov for besøkshjem og støtte familie Barneverntjenesten i Sel, Vågå, Lom og Skjåk har behov for flere besøkshjem og støttefamilier. Barna er i alderen fra 5 til 14 år. Felles for barna er ... Publisert 10.07.2019 kl. 08.34
Ny innloggingsportal for søknad om barnehageplass Foreldre/føresette som skal søkje barnehageplass etter august 2019 må bruke ny innloggingsportal via ID-porten. Dette gjeld kun NYE søkjarar, ikkje de... Publisert 27.06.2019 kl. 13.57
Avduking av Ole Bull-statuett Onsdag 26. juni, kl 18.00, blir det avduking av Ole Bull-statuett i den historiske prestegårdshagen i Ullinsvin i Vågå. Publisert 21.06.2019 kl. 13.11
Offentleg ettersyn - Detaljregulering for Gjendeosen - Reinsvangen. Forslag til revidert plan Vågå kommunestyre gjorde i møte 4. juni 2019, sak 20/19 vedtak om å legge forslag til detaljregulering for Gjendeosen - Reinsvangen ut til offentleg e... Publisert 14.06.2019 kl. 12.05
Telefontrøbbel i Vågå kommune Vi har diverre litt problem med telefonsystemet i kommunen, og det kan vere vanskeleg å nå fram på fasttelefon til einskilde tenester. Mobil fungerer ... Publisert 13.06.2019 kl. 13.31
Helsesenteret stengt for ordinær drift fredag 14. juni 2019, men ope for akutt hjelp I samband med rutineprøver av vatnet hos kommunetannlegen i Vågå vart det gjort funn av legionellabakterier i vatnet. Fylkestannlegen i Innlandet og V... Publisert 12.06.2019 kl. 12.34
Oransje farevarsel for styrtregn på austlandet Yr.no har sendt ut farevarsel på oransje nivå for "svært kraftige regnbyger", som også inkluderer Oppland. Det er svært store lokale variasjonar i mel... Publisert 06.06.2019 kl. 11.53
UKM Camp 2019 UKM Nord-Gudbrandsdal arrangerer UKM Camp i Otta kulturhus fredag 16. - søndag 18. august. Påmelding innan 22. juni. Publisert 05.06.2019 kl. 14.07
Programavis for Sommar i Vågå, inkl Vågå-Dågå og Håndverk+ Klikk her for ei elektronisk avis med blafunksjon Publisert 05.06.2019 kl. 14.00
Kronprinsparet på besøk til Vågå Deres Kongelige Høyheter Kronprinsen og Kronprinsessen kjem på besøk til Oppland i perioden 17. - 19. september 2019. Torsdag 19. vil dei besøkje Vågå... Publisert 28.05.2019 kl. 13.06
Motorsykkelløpet Trondhjemsridtet 1919 har stoppestad i Vågå Ein av stoppestadene for Trondhjemsridtet 1919 er i år Vågå. Løpet vil gå av stabelen i dagane 8. - 11. juni, og i løpet av måndag 10. juni er det lag... Publisert 24.05.2019 kl. 13.48
Forprosjekt Nord-Gudbrandsdal friluftsråd Ei arbeidsgruppe med representantar frå alle dei seks kommunane i Nord-Gudbrandsdal, saman med Regionrådet, har fått i mandat å lage ein rapport om ko... Publisert 20.05.2019 kl. 10.05
Kulturskuleplan 2020-2023 ut på høyring HOKO gjorde i sitt møte 30. april vedtak om å sende forslag til kulturskuleplan for perioden 2020-2023 ut på høyring. Publisert 09.05.2019 kl. 09.45
17. mai i Vågå Program for alle arrangement på 17. mai 2019 finn du her: Publisert 07.05.2019 kl. 09.25
Ryddeveke i veke 18 I veke 18 vil miljøstasjonen ha utvida opningstider, slik at alle kan bidra til ein ryddedugnad både heime hos seg sjølv og elles. Publisert 26.04.2019 kl. 13.03
Blåhøvegen open til Vole Blåhøvegen er frå i dag, fredag 12. april, opna for biltrafikk fram til Vole og hoppunktet for hang- og paraglidere, men vi gjer merksam på at vegen k... Publisert 12.04.2019 kl. 13.03