Melding om lågtflyging med helikopter

Eidefoss Nett melder at det vil bli ein del lågtflyging med helikopter i dagane 9. - 12. oktober på grunn av utflyging av master til den nye kraftlina frå Nedre Otta.

Det er i alt 44 master som skal flygast ut frå riggplassen ved Veggum. Denne ligg på baksida mellom Otta og Lalm.

Strekningen der det skal settast ut master er Vågårusten, Tolstadåsen, Nedre Otta kraftverk og Veggum.

Eidefoss ber om å bli kontakta om det er særskilde forhold dei bør kjenne til. Kontaktperson er Asbjørn Vang, tlf 97 68 34 62.