Klima- og energiplan

Gjeldande klima og energiplan for Vågå kommune vart vedteke i kommunestyret i 2011, sak 5/11. Kommunen har starta arbeidet med å revidere planen. Nedanfor ligg forslag til planprogram for revisjon av kommunedelplan for klima- og energi 2023-2031 som har vore på høyring. Det er venta at planprogrammet blir vedteke hausten 2022. Utarbeiding av sjølve klima og energiplan vil deretter starte opp.

Gjeldande klima- og engergiplan (PDF, 2 MB)

Vedtak i kommunestyret (PDF, 66 kB)

Revisjon av klima- og energiplan - planprogram som har vore på høyring

I perioden 2021-2024 blir det investert ca 180 millionar kroner på kommunale bygg i Vågå. Klima- og energitiltak er vektlagt i desse prosjekta.