Informasjon knytt til flaumen i Ottaelva

Har du fått skade på hus eller eigedom, ta kontakt med forsikringsselskapet ditt og meld frå. Dei vil gje deg råd om kva du bør og kan gjere.

OBS! Hugs at de ikkje må opphalde dykk i nærleiken av vassdraga, da det er stor fare for at elvekanten kan svikte og gje etter (erosjonsfare).

Kokevarsel

Kokevarselet gjeld for alle abonnentar knytt til Vågåmo, Tessand og Lalm vassverk, samt alle med private brunnar som ligg inntil vassdraget med fare for innsig. Alt drikkevatn må kokast i minst 3 minutt for å vere sikre på at alle bakteriar blir fjerna.

Vi får dei fyrste svara på vassprøver som er tekne, torsdag 18. oktober. Resultatet av desse prøvene avgjer om kokevarselet blir oppheva eller forlenga.

 

Store menger glasopor i elva

Situasjonen rundt glasoporen frå Skjåk er slik:

Ein del av den lagra glasoporen ved fabrikken i Skjåk vart tatt av flomvatnet. 

Glasopor er lettare enn vatn og flyt dermed lett.

Mykje av glasoporen ligg att på land, frå Skjåk og nedover langs elva. 

Av det som er havna i elva, er mesteparten framleis i Lom.

Arbeidet vart starta så snart det vart kjent og etter at alt arbeid med å sikre liv, helse og viktig infrastruktur var teke hand om.

Arbeidet er rekvirert av Skjåk kommune, og blir gjennomført av Kystverket og IUA (Interkommunalt Utvalg for Akutt forurensning), og overvaka av Fylkesmannen. 

Vågå kommune har dermed inga formell rolle i arbeidet, men bistår med personell.

Oppsamling av glasopor starta måndag og pågår framleis.


Ein naturleg stad for oppsamling vart i området rett vest for Tessand, basert på kor langt glasoporen hadde komme og for å sikre god adkomst for sjøsetting av båtar og for maskin som blir brukt til å ta det på land.

Glasoporen blir inntil vidare deponert på miljøstasjonen i Vågå.