Godkjent plan - Detaljregulering for Maurvangen vest for Mola 

Vågå kommunestyre har i møte 18.9.2018, sak 50/18, med heimel i plan- og bygningslova §§ 12-12, godkjent detaljregulering for Maurvangen vest for Mola. 

Planen opnar for bygging av garasjeanlegg og tenestebustad for tilsette sesongarbeidarar knytt til Gjendebåten. Planområdet ligg mellom Fv. 51 og Maurvangen og er totalt ca.8 dekar. 
Planen er utarbeidd i samsvar med kommuneplanens arealdel, område TB/L01.
Plandokumenta er også lagt ut i servicetorget på kommunehuset

Frist for å klage på planvedtak er 3 veker frå kunngjering, jf. plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kap.VI. Ev. klage skal sendast til Vågå kommune til postmottak@vaga.kommune.no eller pr. post til Edvard Stormsveg 2, 2680 Vågå.

Plandokument: