Korleis opplever du som innbyggar reiselivet i Nord‑Gudbrandsdalen?Nord‑Gudbrandsdalen arbeider målretta for å bli resertifisert som Berekraftig reisemål. Dette er eit langsiktig arbeid som handlar om å utvikle reiselivet på ein måte som tek vare på naturen, lokalsamfunna og dei unike stadene vi bur på.For å lukkast treng vi kunnskap om korleis reiselivet faktisk blir opplevd av dei som kjenner regionen best – nemleg innbyggjarane.Vi vil høyre frå deg!No inviterer vi alle innbyggjarar i Vågå til å svare på ei kort spørjeundersøking. Dine svar gir verdifull innsikt i korleis reiselivet opplevast lokalt, og kva som skal til for at utviklinga skal vere positiv for både innbyggjarar, natur og næringsliv.Undersøkinga tek berre nokre få minutt å gjennomføre, og som deltakar blir du med i trekninga av:to billettar til Gjendebåtento årskort til Galleri UllinsvinFrist 6. aprilDelta her påInnbyggerundersøkelsen 2026: https://no.surveymonkey.com/r/Innbyggerundersokelse2026 Vi håpar du vil ta deg tid til å dele dine erfaringar – det betyr mykje for arbeidet med ei berekraftig framtid for reiselivet i Nord‑Gudbrandsdalen.Du kan lese meir om ordninga Berekraftig reisemål her:Merket for Bærekraftig reisemål | En nasjonal merkeordning Publisert av Live Brimi Sist endret 23.04.2026 09.48
Mykje nedbør meldt - sjekk stikkrenner På værvarselet for denne veka er det meldt til dels store nedbørsmengder frå onsdag. Vi vil minne alle grunneigarar om å sjekke eigne stikkrenner, avk... Publisert 10.01.2022 kl. 08.24
Covid-19 oppdatering 07.01.2022 Vågå kommune vil gje status på smittesituasjonen dersom vi opplev større endringar. Fram til anna informasjon blir gjeve må ein difor tolke dette som ... Publisert 07.01.2022 kl. 12.44
Covid-19 oppdatering 06.01.22 Det er ikkje avdekt nye positive smittetilfelle av covid 19 i Vågå etter nyttår. Vi meiner at det er store sjansar for at det kan vera noko uavdekt sm... Publisert 06.01.2022 kl. 09.43
Stillingssleppet 2022 Stillingssleppet er ei fast, årleg fellesutlysing av ledige stillingar i regionen, der arbeidsgjevarar får publisert sine stillingsannonser på www.kom... Publisert 05.01.2022 kl. 09.43
Frivilligsentralen treng DigiVertar Frivilligsentralen treng frivillige som vil hjelpe andre med digitale problem i kvardagen. Publisert 04.01.2022 kl. 12.13
Makspris i barnehage 2022 Maksprisen for 5 dagar i barnehage blir sett til kroner 3.315,- per månad frå og med 1. januar 2022 og kroner 3.050,- per månad frå 1. august 2022. Publisert 04.01.2022 kl. 09.56
Hentekalender renovasjon 2022 Det er oppdaga ein feil i hentekalenderen for 2022.Ei setning har diverre ramla ut og det gjeld rute for restavfall for strekningen Skjellum - Lalm se... Publisert 04.01.2022 kl. 08.14
Koronaoppdatering 23.12.2021 Vågå har 4 nye smitta onsdag 22.12, og totalt 9 i isolasjon.Vi minnar om drop-in massevaksinasjon i Vågåhallen torsdag 06.01.2022, frå kl 14.00-17.00. ... Publisert 30.12.2021 kl. 11.11
Besøksrutinar på Vågåheimen jula 2021 Besøksrutinar på Vågåheimen frå og med måndag 20. desember 2021 Publisert 20.12.2021 kl. 12.29
Massevaksinering i Vågåhallen torsdag 16.12.21 kl. 15.00-18.00 Desse gruppene kan kome:a)3. dose til:• alle over 18 år med underliggande sjukdom• Helsepersonell• Alle over 45 årHugs at det skal gå minst 4,5 månad ... Publisert 14.12.2021 kl. 16.26
Covid-19 oppdatering 14.12.21 Regjeringa kom med ytterlegare kontaktreduserande tiltak i går kveld grunna aukande smitte i befolkninga. Meir smitte, høgt sjukefråvær og fråvær grun... Publisert 14.12.2021 kl. 10.21
Covid-19 oppdatering 13.12.21 Det er avdekka 3 nye positive smittetilfelle i Vågå i dag.Torsdag 16.12.2021 kl. 15.00-18.00 blir det lagt opp til drop-in vaksinering for alle som er ... Publisert 13.12.2021 kl. 18.26