Eigedomskatt i Vågå

Kommunestyret i Vågå kommune vedtok i sak 38/18 at det skal gjennomførast alminneleg taksering i heile kommunen, jf. eigedomsskatteloven § 8 A-3. Det betyr i praksis at alle eigedommar i heile kommunen skal omtakserast i løpet av 2019, for å danne grunnlag for utskriving av eigedomsskatt frå og med 2020.

Det er lov om eigedomsskatt som fastset føresegner om eigedomsskatt.

Retningsliner for verdivurdering

Kommunestyret i Vågå kommune har utnemnt ei skattetakstnemnd som skal arbeide med eigedomsskatten, jf. eigedomsskatteloven § 8 A 2. Nemnda utarbeider retningsliner for takseringa, gjennomfører synfaring av eigedomar, samt vedtek alle skattetakster.

Skattelista er lagt ut på Vågå kommune si heimeside den 28. januar 2021 til 3 vekers gjennomsyn med heimel i eigedomsskattelova § 15.

Skatteetatens formuesverdi på primærbustader er sett til 25 % av bustadens verdi. For å finne formuesverdien det blir berekna eigedomsskatt av, følg dette reknestykket:

 

Formuesverdi frå skattemelding 2018 (25% av verdi er påført her)

540 000

 

Formuesverdi må ganges opp med 4 (540 000 x 4)

2 160 000

-

- Reduksjonsfaktor 30% (2 160 000 x 0,3)

648 000

=

Skattegrunnlag

1 512 000

x

Eigedsomsskatt 4 promille (1 512 000 x 0,004)

6 048

Skattelista er lagt ut den 27. februar 2020 på Vågå kommunehus, servicetorget til 3 vekers gjennomsyn med heimel i § 15 i Eigedomsskattelova. Ho er også lagt ut på kommunen si heimeside.

Til alle som står registrert som heimelshavarar av eigedom i Vågå kommune.

Kommunestyret i Vågå kommune vedtok i sak 38/18 at det skal gjennomførast alminneleg taksering i heile kommunen, jf. eigedomsskatteloven § 8 A-3. Det betyr i praksis at alle eigedommar i heile kommunen skal omtakserast i løpet av 2019, for å danne grunnlag for utskriving av eigedomsskatt frå 01.01.2020.

Kommunestyret vedtok i sak 64/18 at det for bustadhus skal nyttast Skatteetatens formuesverdi. 

Kontakt

Anni Luseter Lilleengen
Regnskapssjef/controller
Telefon 61 29 36 54
Mobil 915 26 020