Bruk av Skatteetatens formuesverdi som grunnlag for eigedomsskatt

Kommunestyret vedtok i sak 64/18 at det for bustadhus skal nyttast Skatteetatens formuesverdi. 

Det betyr at bustadhus ikkje skal takserast av synfaringsmenn, men at verdien som er oppført på likninga i 2018 er den som nyttast som grunnlag for eigedomskatt i 2020. 

Eigedomsskattekontoret vil difor anbefale at alle eigarar av bustadhus i Vågå kommune sjekkar likninga si med tanke på verdien på eigedomen. Om noko skal rettast, må klaga sendast til Skatteetaten.