Oppdatert informasjon om arbeidet med omtaksering av eigedomsskatt finst alltid oppdatert på www.vaga.kommune.no.
Retningsliner for verdivurderinga
Kommunestyret i Vågå kommune har utnemnt ei skattetakstnemnd som skal arbeide med eigedomsskatten. Nemnda utarbeider retningsliner for takseringa, gjennomfører synfaring på alle eigedommane, samt vedtek alle takstar.
Arbeidet med omtaksering blir leia av leiar for takstnemnd, Torbjørn Bakken.
Metode for taksering
Kommunestyret vedtok i sak 64/18 at det for bustadhus skal nyttast Skatteetatens formuesverdi. Det betyr at bustadhus ikkje skal takserast av synfaringsmenn, men at verdien som er oppført på likninga i 2018 er den som nyttast som grunnlag for eigedomskatt i 2020. Eigedomsskattekontoret vil derfor anbefale at alle eigarar av bustadhus i Vågå kommune skjekker likninga med tanke på verdien på eigedommen. Om noko skal rettast, må klaga sendast til Skatteetaten.
Fritidseigedommar og gardsbruk skal takserast av nemnda sjølv, da det ikkje er mogleg å nytte Skatteetatens formuesverdi for denne type bygningar. Metoden som nyttast for å taksere fritidseigedommar og gardsbruk byggjer på faktaopplysningar og skjønnsmessige vurderingar av eigedommen. På nokre eigedommar kan det mangle faktaopplysningar frå Eigedomsregisteret (Matrikkelen). Her vil informasjon bli innhenta ved utvendig oppmåling under synfaringa.
Synfaring
I forbindelse med eigedomsskattetakseringen vil det i løpet av perioden mai – desember 2019 bli utført ei utvendig synfaring av alle fritidseigedommar og gardsbruk med tilhøyrande bygningar. Det er ikkje nødvendig at nokon er heime når synfaringa skjer.
Synfaringsmennene/kvinnene skal vere ikledd signalvestar med kommunen sin logo, og har og med seg legitimasjon. All informasjon blir handsama etter gjeldande reglar om teiingsplikt.
Ønskjer du å gje informasjon om eigedommen, eller vere til stades under synfaringa, sender du ei skriftleg melding per e-post til eigedomsskattekontoret om dette innan 01.05.2019. Husk å informer om gards- og bruksnummer, namn, telefon og e-postadresse. Du vil da bli kontakta når det nærmar seg tid for synfaring.
Landbrukseigedommar
Konsesjonspliktige landbrukseigedommar med aktiv landbruksdrift har obligatorisk fritak frå eigedomsskatt etter eigedomsskatteloven § 5 h. Fritaket gjeld berre for bygningar som tilhøyrar drifta. Bustadhus, garasjar og fritidsbygningar skal takserast som normalt, og blir pålagt eigedomsskatt. Fritaket gjeld heller ikkje for næringsbygg med anna formål enn landbruksdrift.
Skattelistene blir lagt ut til offentleg ettersyn i slutten av februar 2020. Du vil da få tilsendt informasjon om skattetaksten på din eigedom og eigedomsskatten du skal betale, samt informasjon om klageadgang.
Kontaktinformasjon
Postadresse: Vågå kommune v/Eigedomsskattekontoret, Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå
Telefon: 61 29 36 00
E-post: al@vaga.kommune.no