Onsdag 30.11. KL 18-20 Lesesirkel Alice B Toklas' sjølvbiografi

Vi har lese same boka og pratar om ho. Vi drikk kaffi og deler lesaropplevinga vår. Boka kan du låne på biblioteket!

Kan du skrive ein sjølvbiografi om nokon annan enn deg sjølv? Ja! Det gjorde Gertrude Stein. I 1907 flytta Alice Babette Toklas frå San Francisco til Paris. Der møtte ho forfattar Gertrude Stein, og det slo gnistrar!

Vi skal prate om boka, og liva, til dei to fasinerande kunstnarane.

For alle som vil lytte til andre si lesaroppleving og dele si eiga. Boka er klar til låning på biblioteket. Velkomne!