Vågå bibliotek Vågå bibliotek - ein god stad å vere Vi held til i "Gammelbanken", med inngang mot Frivilligsentralen. Adressa er: Moavegen 7, 2680 Vågå No kan du nytte biblioteket som vanleg, og vi har vanlege opningstider Vi held fram med smitteverntiltaka: Førehandsbestilte bøker/utstyr sett vi på hentehylla ute/ i gangen. Dette er for å begrense møte imellom folk Ver nøye med handvask og avstand viss du går inn Lever bøker i luka Brukarar av pc for publikum må registrere deg med til, namn og telefonnummer. Levering av utstyr: Sett utstyr i gangen. Hugs å merk utstyret med namn, så vi ser kven som har levert Rekk du ikkje opningstida? Vi lagar namna bokpose, og heng ute, sjølv etter opningstida. Ring oss i opningstida, eller send melding via Facebook. Du kan og skrive epost til biblioteket@vaga.kommune.no Boka kjem Er du ufør, eller eldre og vil låne bøker eller utstyr? Ring oss i opningstida, og vi ordnar levering på døra di! Vi samarbeider med Frivilligsentralen med utkøyring av bøker. Opningstider Tysdag 10.00 - 16.00 Onsdag 12.00 - 19.00 Torsdag 10.00-16.00 Laurdag 11-14 Telefonnummer til biblioteket: 90 22 95 50 Vågå bibliotek låner ut utstyr frå Vågå utstyrslager. Ta kontakt i opningstida for reservering av utstyr. Biblioteket skal stille bøker og andre medium, datatenester og andre hjelpemiddel gratis til disposisjon for brukarane. Målet gjennom dette er å bidra til auka opplysning, utdanning og kulturell verksemd. - Publisert avRoar Strand Publisert09.01.2017 10.43 Sist endret21.01.2021 14.14