Onsdag 19.10. Kl 19 - Dei store gåtene og den gode viljen

Foredrag om Tarjej Vesaas med Stein Versto

Gratis inngang

Hent billett på kommunehuset eller på biblioteket

Tarjej Vesaas SNL Samlaget

Vesaas er ein diktar for dei store gåtene og den gode viljen. I dikt og prosa nærmar han seg gong på gong gåtene i tilveret; det kan vera i form av underliggjande tematikk gjennom ei heil bok, som i Fuglane og Is-slottet, og det kan dukke opp i form av ein einsleg setning i ei konkret hendingsskildring – som t.d. i novella Hesten frå Hogget. Det gåtefulle ved eksistensen renn som ein raud tråd gjennom forfattarskapen. Med eit uttrykk henta frå psykologien kan ein seia at han skriv seg inn mot det ubevisste. Det nødvendige i å bruke god vilje i si innstilling til livet – å vilja det gode – kjem også tydeleg fram. Både i Kimen og Brannen  får Tarjei Vesaas fram at også illgjerningsmenn og –kvinner har menneskelege eigenskapar. Og, den gode viljen er noko av det vi har å stille opp med, i møte med øydeleggjande krefter.

(f. 1957) debuterte med novellesamlinga Ho blei borte i trappene. Den fekk han Tarjei Vesaas’ debutantpris for i 1990. Versto har også skrive diktsamlingane Innfalda tid, minne (1995) og Snø i partituret (2000). I 2013 gav Versto ut sin første roman, Nidaros.

Stein Versto er ein kulturarbeidar og kunstnar med mangesidig aktivitet. Versto debuterte med novellesamlinga Ho blei borte i trappene (1990) og har sidan utgitt ein roman og to diktsamlingar. Han har omsett songtekstar og bøker. Sjølv har han skrive tekstar til ymse artistar. Han er hardingfelespelar og har skrive om folkemusikk og folkedikting.

(Info frå Samlaget og SNL)