Forfattarbesøk av Hans Olav Lahlum laurdag 3.9. Kl 12-13

Forfattar, biograf, forskar, historikar, SV politikar og sjakkspelar Hans Olav Lahlum kjem til Vågå bibliotek under Diktardagar!

Lahlum er aktuell med ny krimbok i haust: romanen Søskenmysteriene. Vi vonar ho er oss i hende til starten av september, og i så fall blir det boksal frå Vågå bok og leker under arrangementet. Ho vil sjølvsagt også kome til utlån på biblioteket. Viss ikkje boka har kome til då får vere tålmodige og nyte denne allsidige tusenkunstnaren som kjem til oss! 

KLikk på denne lenka for å kjøpe billett! https://diktardagar.no/events/forfattarbesok-vaga-bibliotek-2/

Inngang er 50 kr. Kom på biblioteket viss du har problem med å kjøpe på nett. Vi kan hjelpe deg! Du kan også kjøpe restplass i døra på dagen med vipps. Vi hjelper til med det også. Velkomne!