Demokratisk samtale på biblioteket med tema: Kvifor bu i Vågå?

Lokalvalet nærmar seg, og biblioteket inviterer til ei ope, demokratisk samtale om Vågå som attraktivt lokalsamfunn. Lov om folkebibliotek seier at biblioteket skal vere ein uavhengig møteplass og arena for offentleg samtale og debatt. I framkant av kommunevalet, freistar Vågå bibliotek å arrangere eit ope møte, og ein demokratisk samtale.  Vi inviterer ein representant frå alle dei politiske partia som stiller til val i kommunestyrevalet i Vågå.

Tema: Kvifor bu i Vågå?

Nora Warhuus Samuelsen, frå Østlandsforskning, Høgskulen i Innlandet presenterer funn rundt forskning på korleis kommunar med varig befolkningsnedgong planlegg.

Kan vi ha utvikling utan å ha befolkningsvekst?

Med denne forskninga i both, skal vi diskutere spørsmåla under:

Livet er meir enn jobb og skule. Korleis kan vi få unge folk til å bli i Vågå, eller vende attende etter studiar?

Korleis skal næringslivet tiltrekkje seg kompetente arbeidssøkjarar?

Kva er viktig for "det gode liv" og kva har vi å tilby?

Har de nokre visjonære idear for framtida i Vågå?

Gro Dybvik, frå Vågå bibliotek, er ordstyrar og vil få i gong samtala.

Vi legg vekt på å få til ein god dialog, med respekt for andre og andre sine meiningar. Vi vil få fram ulike syn, og lytte til kvarandre. Dei siste 20 minuttane legg vi opp til spørsmål frå publikum. Arrangementet vil vare maks 1,5 time.

Vi har plass til 50 publikum på biblioteket, og gler oss til å syne fram biblioteket som debattarena!

Sted: Vågå bibliotek, Moavegen 7, 2680 Vågå

Tid: Torsdag 17.8. KL 19-2030

Lett servering

Begrensa plassar, hent deg ein gratis plassbillett på biblioteket, eller i servicetorget

Gro Dybvik