Psykisk helseteneste

Psykisk helseteneste held til i 2. etasje på Vågå helsesenter, og består av 4 årsverk fordelt på 6 personar.

Dette er eit lågterskeltilbod og tenesta er gratis. Du kan sjølv ta kontakt eller få fastlegen din til å sende ei henvising.

Opningstida er måndag til fredag kl 8.00 – 16-00. Utanom opningstida lyt ein ved behov ta kontakt med legevakt på telefon: 116 117.

Målgruppa hjå psykisk helseteneste er i hovudsak alle over 18 år som bur og oppheld seg i Vågå kommune. Vi samarbeider med med helsestasjonen, og i nokre tilfelle tek vi imot personar i ungdomsskulealder.

Tenesta er lovpålagt - sjå m.a. Helse og omsorgstjenesteloven § 3-3, og vi har jorunalføringsplikt. 

 

Informasjonsbrosjyre (PDF, 651 kB)

 

Innhald i tenesta:

  • Kartlegging og oppfølging av personar med psykiske lidingar/utfordringar og rusproblematikk
  • Bidra til god livskvalitet for pasienten. Arbeidet skal fremje sjølvstende og meistring av kvardagen og daglege gjeremål
  • Individuell samtalebehandling
  • Utarbeiding og oppfølging av Individuell plan og/eller behandlingsplan
  • Treningsgruppe ved Vågå Treningssenter
  • Utandørs turgruppe
  • Aktivitetsdag på Solhaug
  • Aktivitetsdag på Frivilligsentralen
  • Veiledning og rådgjeving til pasient og pårørande
  • Heimebesøk ved behov

Vi samarbeider tverrfagleg med fleire ulike tenester; NAV, DPS, helsestasjonen, lege, heimetenesta, Frivilligsentralen, barnevern og fleire ved behov.

Kommunepsykologen bistår psykisk helseteneste med veiledning og deltek i tverrfaglege drøftingar.

Kommunen kan og yte andre tenester som for eksempel støttekontakt, treningskontakt, buveiledning, tryggleiksalarm, matombringing, heimehjelp og heimesjukepleie. Dette er tenester det søkes om ved tildelingskontoret. 

Tildelingskontoret: 61 29 37 65

Servicetorget: 61 29 36 00

Frå 1. januar 2019 skal alle tenester i psykisk helsevern og tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB) skal bli organisert som pakkeforløp.

Pakkeforløp for psykisk helse og rus skal gi pasienter heilskapleg og forutsigbare utrednings- og behandlingsforløp, utan unødig ventetid. 

Frist for utgreiing er ordinært 6 veker, og ved behov utvida med 6 veker. Etter at diagnose er gitt blir behandlinga evaluert etter 6 veker, for så å bli evaluert kvar 12. veke.

Undersøkingar har vist at 20-25 % av befolkningen til ei kvar tid har ei psykisk liding og at halvparten av befolkningen er venta å få ei psykisk liding i løpet av livet. Å minske forekomsten av psykiske lidingar står sentralt i folkehelsearbeidet.

Her finn du informasjon om den psykiske helsa i befolkningen, samt nasjonale anbefalinger når det gjeld helsefremmande og førebyggjande tiltak i tillegg til kommunale handlingsplaner og prosedyrer som er utarbeidd i eit regionalt samarbeid.

Kontakt

Camilla Haug Letrud
Spesialsjukepleiar med vidareutdanning innan psykisk helse og rus
Mobil 474 88 310
Anne Berit Vilhelmsen Haugen
Psykiatrisk hjelpepleiar med vidareutdanning i rehabilitering
Mobil 477 10 697
Bjørg Skogen
Psykiatrisk hjelpepleiar
Mobil 948 14 593
Gro Johnsgård Aateigen
Vernepleiar
Mobil 994 26 061
Vera Midtgard
Avdelingsleiar rus og psykisk helseteneste
Mobil 488 97 211
Ingrid Stubbrud
Psykiatrisk sjukepleiar - prosjektstilling
Mobil 915 68 355

Adresse

  • Moavegen 20
  • 2680 Vågå