Viktig melding

Vågå kommune er igang med Friskus aktivitetskalender!

Nå kan næringsliv og friviljuge lag og organisasjonar synleggjere arrangement og aktivitetar på ei felles side. Dette gjer det mykje enklare for deg som innbyggjar å få oversikt på kva som skjer. 

Gå til vaga.friskus.com

Er di bedrift, lag eller organisasjon arrangør av noko i Vågå? Da kan du opprette ein arrangørprofil, og legge ut arrangementet ditt heilt gratis!


 

Psykososialt kriseteam i Vågå kommune

PSYKOSOSIALT KRISETEAM VÅGÅ KOMMUNE

 Vågå kommune har også eit psykososialt kriseteam som består av helsepersonell eller andre aktuelle ressurspersonar etter behov.  

Teamet bistår berørte og pårørande ved akutte kriser, uventa akutt dødsfall eller ulykker. Formålet er å yte emosjonell førstehjelp og gje støtte til meistring i akuttfasen.

Teamet bistår også kommunens kriseleiing ved ekstraordinære hendingar.

Det er normalt berre LEGE og LEGEVAKT som kan iverksetje psykososialt kriseteam.

Telefonnummer til Vågå kommunes psykososiale kriseteam er:  966 10 193