Korleis opplever du som innbyggar reiselivet i Nord‑Gudbrandsdalen?Nord‑Gudbrandsdalen arbeider målretta for å bli resertifisert som Berekraftig reisemål. Dette er eit langsiktig arbeid som handlar om å utvikle reiselivet på ein måte som tek vare på naturen, lokalsamfunna og dei unike stadene vi bur på.For å lukkast treng vi kunnskap om korleis reiselivet faktisk blir opplevd av dei som kjenner regionen best – nemleg innbyggjarane.Vi vil høyre frå deg!No inviterer vi alle innbyggjarar i Vågå til å svare på ei kort spørjeundersøking. Dine svar gir verdifull innsikt i korleis reiselivet opplevast lokalt, og kva som skal til for at utviklinga skal vere positiv for både innbyggjarar, natur og næringsliv.Undersøkinga tek berre nokre få minutt å gjennomføre, og som deltakar blir du med i trekninga av:to billettar til Gjendebåtento årskort til Galleri UllinsvinFrist 6. aprilDelta her påInnbyggerundersøkelsen 2026: https://no.surveymonkey.com/r/Innbyggerundersokelse2026 Vi håpar du vil ta deg tid til å dele dine erfaringar – det betyr mykje for arbeidet med ei berekraftig framtid for reiselivet i Nord‑Gudbrandsdalen.Du kan lese meir om ordninga Berekraftig reisemål her:Merket for Bærekraftig reisemål | En nasjonal merkeordning Publisert av Live Brimi Sist endret 23.04.2026 09.48
‟Fjellandbruk er framtid‟ - studietur til Tynset og Vingelen Det blir arrangert studietur til Vingelen og Tynset med tema utmarksbeiting, torsdag 6. juli. Publisert 22.06.2017 kl. 11.51
Skjellvegen stengt frå onsdag 21. juni I samband med Eidefoss sitt arbeide med framføring av ny kraftline frå Rosten, vil Skjellvegen bli heilt stengt ca ei og ei halv veke frå onsdag morgo... Publisert 19.06.2017 kl. 14.19
Gravearbeid - Kvernvegen, Øygardsvegen og Skjellvegen Melding frå Eidefoss Nett i samband med bygging av nytt linjenett:I forbindelse med bygging av nytt 132kV linjenett mellom Vågåmo og Rosten kraftverk, ... Publisert 15.06.2017 kl. 09.53
Bestillingsruter i skuleferien Opplandstrafikk har bestillingsruter i skuleferien. Følg lenkene under, der du også finn tlf.nr til drosjene. Publisert 15.06.2017 kl. 09.43
Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje om momskompensasjon Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,3 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2017 og har sendt ut informa... Publisert 09.06.2017 kl. 14.21
Matrikkelinformasjon - manglande oppdatering Matrikkelinformasjon (eigedomsinformasjon) vil ikkje bli oppdatert i kartløysingane i ei periode frå 01. juni grunna ei strukturomlegging frå Kartverk... Publisert 06.06.2017 kl. 10.30
OPPHEVA - Kokevarsel for drikkevatn på Lalm Vatnet frå Lalm vassverk er kontrollert og friskmeldt, slik at kokevarselet er oppheva. Publisert 02.06.2017 kl. 15.32
Vågå-Dågå 2017 7.-11. juni 2017 år er det nok ein gong duka for Vågå-Dågå. Publisert 02.06.2017 kl. 10.56