Kommunestyre- og fylkestingsval 2023

Står du i manntallet?

For å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet må du stå i manntalet.
Du kan undersøke om du står i manntalet i kommunen der du bur, når det blir lagt ut til ettersyn. Manntalet er lagt ut til ettersyn frå ca 12. juli på desse stadene:

  • Vågå kommunehus
  • Coop Marked Lalm
  • Vågå Bibliotek

Dersom du har flytta til ein annan kommune og folkeregisteret ikkje har fått melding om flytting innan
30. juni, står du framleis i manntalet i kommunen du flytta frå. Då kan du anten røyste på førehand eller du
kan røyste på valdagen i kommunen der du står i manntalet.

Dersom du får valkort står du i manntalet. På valkortet står det i kva kommune du er manntalsført,
kva krets du høyrer til og kva opningstider kretsen har. Dersom du ikkje har fått valkort innan 10. august
bør du ta kontakt med kommunen for å sjekke at du står i manntalet. Hugs å ta vare på kortet og ta det
gjerne med deg når du skal røyste.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet eller du meiner det er andre feil i listene, kan du klage.
Klagen skal vere skriftleg og grunngjeve. Send klagen til valstyret i kommunen. 

Adresse: Valstyret i Vågå, Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå - eller pr epost til postmottak@vaga.kommune.no

Tidlegrøysting

Veljarar som ønskjer å røyste i perioden 1. juli til 9. august kan vende seg til kommunen og avtale tid for å røyste. Førespurnaden kan rettast til kva kommune som helst. Hugs å ta med gyldig legitimasjon når du skal røyste.

Ver merksam på at ved tidlegrøysting kan du berre stemme på parti, og ikkje gjere personvalg.

Førehandsrøysting

Dersom du ønskjer det, kan du røyste på førehand. Du kan røyste på førehand i den kommunen du sjølv ønskjer.

Dersom du førehandsrøyster i ein anna kommune enn der du står oppført i manntalet, må du gjere dette så tidleg at stemma di kan nå fram til den rette kommunen innan 11. september.

Ta med legitimasjon med bilde når du møter fram for å røyste på førehand. Viss røystemottakaren ikkje kjenner deg, vil du elles ikkje få røyste. Dersom du har fått tilsendt valkort, bør du ta med det og, sjølv om det ikkje er noko krav for å få røyste på førehand.

Viss du ikkje har fått valkort innan 10. august, bør du ta kontakt med heimkommunen din.

Veljarar som bur i institusjon kan røyste på førehand på institusjonane nemnde i oversikta nedanfor.

Valstad for førehandsrøysting, alle kvardagar mellom klokka 09.00 og klokka 15.00 frå 10. august og til og med 8. september 2023:

• Servicetorget på kommunehuset

I tillegg kan du førehandsrøyste på Vågåheimen, tysdag 05. september mellom kl. 10.00 og 12.00

Her kan du røyste

Du har røysterett om du står i manntalet. For å bli innført i manntalet må du vere norsk statsborgar, fylle 18 år eller meir innan utgangen av 2023 eller vere folkeregistrert som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen eller vere statsborgar i eit anna nordisk land og blitt ført i folkeregisteret som busett i Noreg seinast 30. juni 2023.

Tid og stad for røysting i din kommune finn du i oversikta nedanfor. 
Hugs å ta med legitimasjon med bilde når du møter fram for å røyste. 

Viss du har fått tilsendt valkort, bør du ta det med og sjølv om det ikkje er noko krav for å få røyste.

Valkrets og røystestad:

• Vågåmo – Kommunehuset
• Lalm – Lalm Samfunnshus
Søndag 10. september frå klokka 15.00 til klokka 18.00
Måndag 11. september frå klokka 10.00 til klokka 18.00

Røyste heime?

Om du på grunn av sjukdom, uførleik eller andre årsaker er hindra frå å møte på vallokalet eller førehandsrøystingslokalet, kan du søkje om å få røyste heime eller der du oppheld deg. Det er ikkje nødvendig å søkje dersom du oppheld deg på ein institusjon der det blir arrangert førehandsrøysting.

I førespurnaden må du gje opp fullt namn, fødselsdato og kva adresse du oppheld deg på den siste veka før valet. Du må og gje opp eit telefonnummer som vi kan nå deg på. Ta kontakt med kommunen om du har spørsmål eller ønskjer hjelp til å søkje om å få røyste heime.

Søknadsfrist 05. september 2023

Søknaden sendast til Valstyret i Vågå, Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå eller 
e-post; postmottak@vaga.kommune.no, telefon 61 29 36 00.

Sjå valg.no for utfyllande informasjon om kommunestyre- og fylkestingsvalget 2023.

 

Artikkelliste