Men forstå oss rett, kvardagen er kanskje hektisk her og, med arbeid, husarbeid og småbarnkaos. Og kjærleikssorga følast nok like brutal her som andre plassar.
Men vegen til fritid og naturen er kort. Den er rett utanfor husdøra. På veg til jobb, på veg til skule eller barnehage. Bur du i sentrum har du kort veg til alt. Bur du på eit småbruk i bygdene har du plass rundt deg. Vågå er eit lite, men trygt samfunn.
Er du på leit etter det gode liv, så er det mange kommunar som kan tilby dette. Og Vågå er også eit godt val. Du finn meir informasjon om bustad og tomtar her.
Har du lyst til å flytte til Vågå, men er litt usikker enda? Da kan du gjerne ta kontakt med oss for å høyre meir om korleis det er å bo her.
Du kan også lese meir på
Vågåleve.no
Komtiloss.no