Bygge og bu i VågåBilde frå Vole, mot Vågåmo og Vågåvatnet. Svein Holen Vågå er eit verdivalg, og kommunen legg stor vekt på å ta vare på alle som bur her eller vil flytte hit. Mellom nasjonalparkane og i ein felles arbeidsregion ligg Vågå sentralt plassert, med tilgang til fantastiske naturopplevingar, gode arbeidsplassar og gode private og offentlege tenester. Vågå har fleire grender og stor dugnadsånd. Som innbyggar er det lett å bli deltakar i dei mange aktivitetane som frivillige lag og organisasjonar kan tilby, eller om du vil engasjere deg via frivilligsentralen. Lokalsamfunnet i Vågå har over år bygt opp mykje arrangementskompetanse, i samspelet mellom frivillige lag og foreiningar, næringslivet, private aktørar og kommunen. Vi vil at du skal trivast i Vågå! Kommuneplanens arealdel og samfunnsdel 2017-2027 - sluttbehandling (PDF, 271 kB) Kommuneplan 2017-2027 - arealdelen (PDF, 677 kB) Lokalt bustadtorg på Facebook Ikkje alle som har hus til salgs eller leige nyttar seg av finn.no eller andre større, nettbaserte marknadsplassar. Dei seks kommunane i region Nord-Gudbrandsdal har difor etablert gruppa Boligtorget Nord-Gudbrandsdal på Facebook. Gruppa kan nyttast av alle privatpersonar som vil kjøpe, selje, leige eller leige ut bustad. Gå til Boligtorget Nord-Gudbrandsdal på Facebook via knappen lenger opp i bildet. Publisert av ACOS System Sist endret 07.03.2023 12.27