Kva er ein medisindispensar?

Elektronisk medisineringsstøtte er ulike medisindispensare som varslar med ljos og lyd på det tidspunktet du skal ta medisinen din. 

Elektronisk medisindispensar kan registrere om du tek medisinen ut av dispensaren, og den vil og sende eit varsel til helsepersonell på ein mobiltelefon om du skulle gløyme å ta medisinen din. 

Foto Anita Stokstad Anita Stokstad

Det fins medisindispensare med små doseringsrom som du enkelt kan ta med deg, og det finst større dispensare som er berekna på multidoserull som må stå på ein fast plass i heimen din. 

Kva fordelar kan elektronisk medisinstøtte gje deg ?

Installering av tekniske løysningar kan gje deg betre tryggleik heime. Målet er å hjelpe deg til å bli så sjølvstendig som mogleg, og at du meistrar din kvardag i størst mogleg grad sjølv. Det kan og gje dine pårørande auka tryggleik. 

 

Kvar henvendar du deg for å få elektronisk medisineringsstøtte ?

Tilbodet vurderast ut fra din situasjon, og kva som er viktig for deg . Når du søkjer helsetenester, skal du skildre dette i eit søknadsskjema. 

Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester (PDF, 128 kB)