Kva er velferdsteknologi?

Sida er under utvikling

Velferdsteknologi er ei fellesnemning på tekniske installasjonar og løysingar som kan betre den enkelte si evne til å klare seg sjølv i eigen bustad, og bidra til å sikre livskvalitet og verdigheit for brukaren. 

Velferdsteknologi kan delast i fire kategoriar:

  1. Tryggleikskapande teknologi
  2. Meistringsteknologi 
  3. Utredning- og behandlingsteknologi
  4. Velværeteknologi

På Direktoratet for e-helse sine nettsider finn du meir informasjon

 

Føremålet

Målet med velferdsteknologi er å skape ein tryggare og enklare kvardag både for brukaren, pårørande og omsorgspersonell. Tenesta skal mogleggjere at fleire eldre kan bu heime lenger, den skal styrke meistring i kvardagen og bidra til at brukaren kan leve eit aktivt og sjølvstendig liv. Velferdsteknologi vil gi betre behandling og oppfølging av personar med kroniske sjukdomar, samt ei betre utnytting, auke i kapasitet og kvalitet i helse- og omsorgstenestene. 

Kontakt

Anita Stokstad
Prosjektleiar
Mobil 907 55 255