I Miljøterapitenesta arbeider vi for menneske over og under 18 år med psykisk utviklingshemming og psykiske lidingar. Vi arbeider med målretta miljøarbeid for at kvar enkelt brukar skal oppleve meistring i daglege gjeremål og aktivitetar. Konkrete oppgåver er miljøarbeid, praktisk bistand, aktivisering og rettleiing. Turnus.
Spørsmål kan rettast til avdelingsleiar Tone Ødegård tlf. 415 00 443 eller e-post: tone.Odegard@vaga.kommune.no
For stillingane søkjer vi deg som:
- Fyllar 16 år i 2025 eller eldre.
- Vil arbeide med folk og å gje andre ein betre kvardag.
- Er fleksibel, ansvarsbevisst, kan samarbeide med andre og har godt humør
- Fortrinnsvis kan arbeide i heile perioden 23.06.2025- 17.08.2025
Ønskje om eventuelle fridagar må gjerast kjent i søknaden. - Kommuniserer tydleg på norsk, munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)
- Har plettfritt vandel for arbeid innan helseområdet, og kan levere uttømmande politiattest før oppstart.
- Førarkort klasse B og bil til disposisjon er ønskjeleg om du er over 18 år, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi kan tilby:
Ekstra honorar etter fullført ferievikariat/sommararbeid
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
- God opplæring og varierte arbeidsoppgåver
- Spennande arbeidsplass i utvikling
Bur du ikkje i Nord-Gudbrandsdalen og treng ein plass å bu i samband med ferievikariat? Sei ifrå til oss så sett vi deg i kontakt med moglege overnattingsmoglegheiter.
Søknad skal sendast på elektroniske søknadsskjema.Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: 15.06.2025 - Tilsetjing skjer fortløpande!
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.