Mellomsbels 50% stilling ved Vågå helsesenter

Til Vågå helsesenter søkjer vi deg med autorisasjon som sjukepleiar, om du har erfaring frå liknande arbeid ved legekontor er det ein fordel. Stillinga er organisert under legekontoret i Vågå. Ønskje om snarleg oppstart og tilsetting går førebels til 31.12.2025, med moglegheit for forlenging.

Ved Vågå helsesenter er det frå august 5 faste legeheimlar og LIS1 lege. Legekontoret er  bemanna med både helsesekretærar, sjukepleiar og bioingeniør.  Hovudoppgåvene er klinisk retta mot legetenesta, men det blir også gjeve skranketeneste for helsestasjonstenesta, jordmor, fysio-/ergoterapitenesta og rus og psykisk helseteneste. 

Arbeidsoppgåver:

·        Laboratoriearbeid

·        Skadestue

·        Pasientkontakt

·        Telefon og anna administrativt kontorarbeid.

 

Vi søkjer etter deg som har:

  • autorisasjon som sjukepleiar
  • arbeidserfaring frå liknande oppgåver fra legesenter er ein fordel

 

Personleg eigenskaper:

  • Gode kommunikasjonseigenskapar på norsk, munnleg og skriftleg
  • Evne til å arbeide ryddig og strukturert
  • Serviceinnstilt
  • Ha evne til å jobbe sjølvstendig, men også i team
  • Gode dataferdigheiter
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar blir vektlagt. 

 

Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.

 

Vi tilbyr:

  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
  • Arbeid i tverrfagleg team
  • Eit godt fagmiljø, dyktige og rutinerte kollegaer

 

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.

 

Søknad

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

 Søknadsfrist: 22. juni 2025

 Kvalifiserte kandidatar blir kontakta forløpande for avtale om intervju. Intervju er planlagt i veke 26. 

 

Nærmare opplysningar rundt stillingane blir gjeve av:

Tenesteleiar, Liv Olasveen på e-post liv.olasveen@vaga.kommune.no eller mobil:  47 62 73 94

 

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

 

 

Kontakt

Liv Olasveen
Tenesteleiar helsesenter
Mobil 476 27 394