Fast 80% stilling som kokk ved Vågåheimen

Da vår kollega går av med pensjon ser vi etter engasjert og erfaren kokk til vår sjukeheim. Dette er ei 80% fast stilling. Ønskjeleg med oppstart september 2025.

På Vågåheimen er det i dag tre sjukeheimsavdelinger og Heildøgnsomsorgsbustad («HDO»), i tillegg har vi ein arbeidstugu, samt dagtilbodet, Grøn omsorg. Totalt cirka 40 bebuare. Vågåheimen er under ei større ombygging, der store delar vi stå ferdig innan 2026.

Du vil være ansvarleg for å tilberede sunn og næringsrik mat, og hjemmelaget bakst til våre pasienter, samt delta i planleggingen av menyer og innkjøp av råvarer. I tillegg tilberedar vi varm mat til heimebuande kvar dag og driftar kantine på Vågåheimen der pårørande, tilsette og andre kan kjøpe seg mat.

Stillinga inneberer også å bidra til å oppretthalde eit rent og ryddig kjøkkenmiljø, og internkontrollrutiner. Vi søkjer etter ein person med fagbrev eller relevant erfaring, og som er god til å kommunisere og samarbeide med andre. Vi ynsker fortrinnsvis institusjonskokk, eller kokk med erfaring frå institusjon.

Arbeidet føregår på dagtid i vekedagaene, samt tredje kvar helg.

 

 

Arbeidsoppgåver

  • Lage mat, både frokoster, middager og bakst
  • Reinhald
  • Rutinar for internkontroll  
  • Væra  med å servere mat

 

Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

 

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som institusjonskokk / kokk
  • Lengre relevant arbeidserfaring kan kompenserende for manglende formell utdanning
  • Erfaring frå liknande arbeid i institusjon er ein fordel

 

Det er krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader gamal ved oppstart i stilling.

 

Personlege eigenskapar:

  • Må kunne arbeide sjølvstendig, ta ansvar, nøyaktig og systematisk
  • Serviceinnstilt og initiativrik
  • Evne og vilje til utvikling, omstilling og bruk av digitale løysingar
  • Gjennomføringsevne
  • Løysingsorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, både innad i teamet og ut mot kollegaer, pårørande, brukarar og andre ein møtar i kvardagen.
  • Evne til å skape tillit, samt følgje rutinar og lovverk

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

 

Vi kan tilby:

  • Eit spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
  • Arbeid i tverrfagleg team
  • Kompetanseheving
  • Eit godt fagmiljø og gode kollegaer
  • Pensjonsordning via KLP (/SPK)

 

 

Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.

Administrasjonsspråket i Vågå kommune er nynorsk.  

 

Spørsmål kan rettast til Berit Øygarden  på tlf. 90657091eller e-post: berit.oygarden@vaga.kommune.no

 

 

Søknad skal sendast som elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

 

Søknadsfrist  13.07.25

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand. 

 

Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.

 

Vi meiner at det er viktig å ha ein god balanse mellom jobb og fritid - med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av  i både skog og fjell: det finst gode fiske- og jaktmoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.