Bibliotekar og glad i å formidle? Ledig 50 % fast stilling ved Vågå bibliotek

Vågå kommune søkjer ein engasjert person til ein 50 % fast stilling ved Vågå bibliotek. Er du glad i barn og ungdom, og ynskjer å bidra til å skape ein levande møteplass i lokalsamfunnet? Da er dette stillinga for deg.   

Vågå bibliotek ligg sentralt plassert i Vågåmo og har eit godt samarbeid med skule, barnehage og nabobibliotek. Biblioteket har eiga gamingrom, barneavdeling, ungdomsavdeling, vaksenavdeling og utstyrslager med gratis utlån av turutstyr og syklar. 

 

Om stillinga: 

  • 50 % fast stilling som bibliotekar 
  • Hovudansvar for formidling til barn og unge 
  • Arbeidstid: 2–3 dagar i veka, noko kvelds- og laurdagsarbeid fell inn i turnusen 
  • Løn etter avtale og kvalifikasjonar 
  • Vågå bibliotek er ein del av Vågå kommune sin kulturavdeling 
  • Oppstart så snart som mogleg 

  

Arbeidsoppgåver: 

  • Rettleiing og service til bibliotekbrukarar 
  • Formidling til barnehagebarn og skuleklassar 
  • Utlån og innlevering av bøker og andre medium 
  • Klargjering av bøker til utlån 
  • Vere med å planleggje, marknadsføre og gjennomføre arrangement 
  • Sørge for at ordensreglane på gamingrommet blir følgt og at biblioteket er ein god stad å vere for alle 
  • Låne ut utstyr frå utstyrslageret 
  • Opplæring og oppfølging av andre 
  • Generell vidareutvikling av biblioteket 

  

Vi søkjer deg som: 

  • Er over gjennomsnittet glad i formidling, bibliotek og litteratur  
  • Gjerne har relevant utdanning  
  • Er serviceinnstilt og trivst med å møte menneske i alle aldrar 
  • Har grunnleggjande dataferdigheiter 
  • Er sjølvstendig, fleksibel og kan arbeide både åleine og i team 
  • Beherskar norsk og engelsk godt 
  • Er over 18 år 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt 

 

Vi tilbyr: 

  • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit aktivt og utviklingsretta bibliotek 
  • Eit triveleg arbeidsmiljø i hjartet av bygda 
  • Opplæring i bruk av biblioteksystem 
  • Moglegheit til å forme biblioteket si rolle i lokalsamfunnet 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

 

Søknadsfrist: 30. juli 2025

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no. 

For spørsmål kring stillinga, kontakt biblioteksjef Kai Robin Flesvik Nilsen, telefon: 902 39 599, e-post: kai.robin.nilsen@vaga.kommune.no, eller tenesteleiar kultur Kjersti Frackmann Strass, telefon: 970 68 931, e-post: kjersti.strass@vaga.kommune.no 

 

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. 

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand. 

 

Kontakt

Kai Robin Flesvik Nilsen
Biblioteksjef
Telefon 902 29 550
Mobil 462 82 932
Kjersti Frackmann Strass
tenesteleiar kultur
Mobil 970 68 931