Eigedomsskatt 2020

Skattelista er lagt ut den 27. februar 2020 på Vågå kommunehus, servicetorget til 3 vekers gjennomsyn med heimel i § 15 i Eigedomsskattelova. Ho er også lagt ut på kommunen si heimeside.

Eigedomsskatten blir for 2020 skreve ut i 4 terminar utanom andre kommunale avgifter. Den allminnelege skattesatsen for skatteåret 2020 er 7 promille, jf. Esktl. § 11, første ledd. For fritidseigedommar, bustadhus og gardsbruk er skattesatsen 4 promille, jf. Esktl. § 12 bokstav a.

For utskriving av skatt på bustadeigedommar nyttar kommunen Skatteetaten sine bustadverdiar for dei bustader der dette er berekna (Esktl. § 8 C-1). Alle bustader, gardsbruk og fritidseigedommar skal frå 2020 ha obligatorisk reduksjon av taksten på 30 prosent. Botnfrådrag er fjerna.

Klage på eigedomsskatten kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, så sant det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.

Klagefrista er sett til 15. april 2020.

Klaga skal sendast skriftleg til:
Vågå kommune, Eigedomsskattekontoret, Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå
eller på e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Dersom det blir klaga på takstverdi som er fastsett etter Skatteetatens bustadverdiar, så skal klaga sendast Skatteetaten, eller eigar kan sjølv korrigere bustadverdien i skattemeldinga ved å sende inn ei endringsmelding. For meir informasjon, sjå www.skatteetaten.no/eiendomsskatt eller ring Skatteetaten på tlf. 800 80 000.

Hugs: Gje opp eigedommens gards- og bruksnummer ved klage.

Her finn du Kommunestyrets vedtak vedr. Eigedomsskatt 2020. (PDF, 213 kB)

 

Utleggslistene finn du ved å følgje linkane nedanfor:

 

Stortinget har i statsbudsjettet for 2020 vedteke endringar vedr. promille og redusert skattegrunnlag.

Meir informasjon om eigedomsskatt finst her.