Endringar i eigedomsskatten for 2020

Kommunestyret i Vågå kommune vedtok i KS 69/19 i møte den 17.12.19 følgjande endringar for eigedomsskatt, gjeldande frå og med skatteåret 2020

  • Promillesatsen blir sett ned frå 4,3 promille til 4,0 promille for bustadhus, fritidseigedommar og landbrukseigedommar. For alle andre eigedommar gjeld fortsatt 7 promille.
  • Botnfrådrag blir fjerna. Botnfrådrag blir i staden erstatta av ein obligatorisk reduksjonsfaktor på 30 %. Det betyr at taksten skal reduserast med 30 % før skattesatsen blir berekna – dette gjeld berre for bustadhus, fritidseigedommar og gardsbruk.
  • Formuesgrunnlag skal nyttast på bustadhus. Det er difor viktig at alle ser til at verdien i skattemeldinga si er riktig. Er verdien feil må klage rettast til Skatteetaten.
  • Eigedomsskatten skal betalast i 4 terminar for året 2020, og blir sendt på eiga rekning.

Gjer samtidig oppmerksam på at det i 2019 har vore gjennomført ei omtaksering av alle eigedommar i heile kommunen, med unntak av dei eigedommane som har formuesverdi frå Skatteetaten.

Skatteseddel for 2020 blir sendt ut innan 1. mars 2020.

Fullstendig saksframlegg kan lesast her

Meir informasjon om eigedomsskatt og omtaksering finst her