Septik

Forskrift for septik og tøming av slamavskiljar

 

For spørsmål eller hendvendelser om tømming kontakt avdelingleiar Hallvard Bjørklund Wangen eller Gunn Oddveig Rindhølen Sveen.

Frå 1. april 2025 har Vågå kommune inngått ny avtale G-Miljø AS som står for tøming av septik i norddalen

Kontaktinfo til Gudbrandsdal Miljø og Entreprenør AS

Kontaktinfo til Gudbrandsdal Miljø og Entreprenør AS
Gudbrandsdal Miljø og Entreprenør AS Kontaktinfo
Sentralbord 99 49 20 00 - 95 03 83 00
Vakttelefon 99 49 20 00
e-post post@gmiljo.no
Leverandør for tøming av septik

 

Prisliste for septiktenester

 

Tømming av septiktank ved private slamavskiljarar/septiktankar med bruk av mobil avvatnar

Når septiktanken blir tømt, blir alt slammet sugd inn i bilen. Kor mykje polymer som blir tilsett, avheng av samansetninga til slammet. Bilen sin teknologi skil deretter vatnet frå slammet. Slammet blir verande i bilen, medan vatnet blir pumpa tilbake i tanken. Septiktanken vil derfor vere nesten full av vatn når tømminga er ferdig. Det vil også vere litt slam igjen i tanken, sidan vatnet blandar det resterande slammet og får det til å flyte til toppen etter ei stund. Mengda slam som er igjen i septiktanken er då svært liten. 

Polymeren bind seg til slammet og blir hovudsakleg verande i bilen. Resten av polymeren som er i vatnet, er svært liten og biologisk nedbrytbar, slik at den forsvinn etter ei stund i vatnet. Denne teknologien blir brukt av nesten alle kommunar i landet. 

Det avvatna slammet som er igjen i bilen, blir frakta til kommunen sitt område for deponering. 

 

Forståing av avvanningsprosessen 

Prosessen kan delast inn i tre fasar: 

1. Oppsuging av slam med polymertilsetning 

  • Slammet blir sugd opp frå septiktanken ved hjelp av vakuum i slamkammeret. 
  • Riktig mengde polymer blir tilsett frå doseringssystemet. Dette kan skje på to måtar: 
  • Automatisk samtidig som slammet blir sugd opp. 
  • Manuelt etter at slammet er sugd inn i samlekammeret og blanda godt. 

Eit bilete som inneheld teikningAutomatisk generert skildring

2.  Avvanning 

Avvanning skjer i samlekammeret og blir kontrollert visuelt gjennom eit sjå-glass. 

Avvatningsprosessen skjer automatisk ved at: 

  • Avvatna slam blir ført til avvatningsanlegget med gravitasjon eller trykk frå samlekammeret. 
  • Ein ultralydsensor kontrollerer nivået av slam i avvatningsanlegget. 
  • Separasjonen av vatn og slam skjer over silplatene i avvatningsanlegget. 
  • Avvatna slam blir trykt ut og gjennom rørsystemet inn i slamkammeret. 
  • Rejektvatnet (returvatnet) renn ned i rejektvannstanken under avvatningsanlegget og blir pumpa tilbake til same septiktank/slamutskiller. 

 

Slamvolumet blir redusert med 75-85 %, det vil seie at 75-85 % av rejektvatnet blir returnert til same septiktank/slamutskiller. 

Eit bilete som inneheld hjulAutomatisk generert skildring

3. Tømming av avvatna slam 
Avvatna slam i slamkammeret blir fjerna ved at heile tanken blir tippa opp, og avvatna slam blir tippa i ein container og sendt til komposteringsanlegg. 

Eit bilete som inneheld teikning, hjul, lastebilAutomatisk generert skildring

 

Kontakt

Hallvard Wangen
Avdelingsleiar VA
Mobil 901 12 892