Reguleringsendring Hoskelie - Godkjent

Kommunestyret har i møte 28.09.2023, sak 57/23, med heimel i plan- og bygningslova §12-12, godkjent framlagt forslag til detaljregulering for reguleringsendring Hoskelie.

Planendringa opnar for vinterbrøyting heilt fram til hyttene, og planen er også oppdatert i samsvar med kommuneplanens felles føresegner for fritidsbustader og inngjerding.

Sjå vedlagte dokument for nærare detaljar om vedteken planendring.

Plandokumenta og saksprotokoll frå behandling i kommunestyret finn du nedanfor. Plandokumenta er lagt inn i kommunen si kartinnsynsløysing. Plandokumenta er også tilgjengelege for gjennomsyn i servicetorget på kommunehuset.

Frist for å klage er 3 veker frå kunngjering, jf. plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kap.VI. Ev. klage skal sendast til Vågå kommune, adresse Edvard Stormsveg 2, 2680 Vågå eller på e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Plandokument: