Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Formålet med SMIL-ordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap, samt å redusere forureininga frå jordbruket, utover det som er forventa gjennom vanleg landbruksdrift. Eit viktig siktemål med ordninga er å få til ein meir målretta innsats med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsetjingar.

Informasjon om ordninga og søknadsskjema

Søknadsfrist på SMIL 2024 er 1. mai. Er det att midlar etter søknadsfristen, blir det ny søknadsfrist på hausten. Søknader som gjeld fjerning av piggtråd blir behandla fortløpande og ingen frist (med forbehold om midlar på hausten).

Det kan søkjast tilskot til:

  • Kulturlandskapstiltak
  • Planleggings- og tilretteleggingstiltak
  • Forureiningstiltak

Kven kan søkje?

  • For å få innvilga tilskot er det vilkår om at tiltaket skal gjennomførast på ein landbrukseigendom, og det må foregå ein tilskotsberettiga jordbruksproduksjon på landbrukseigedomen. Eigar som sjølv ikkje driv areala, kan søkje om tilskot dersom det blir drive tilskotsberettiga jordbruksprodukson på eigedomen. Leigetakar til det tilskotsberettiga arealet kan og søkje dersom det føreligg godkjenning frå eigar
  • Søkjar må ha gjødslingsplan og journal over plantevernmiddel, samt kart over eid og leid jordbruksareal som føretaket disponerer. Kulturminner, områder som er viktige for biologisk mangfald, areal med risiko for tap av jord og næringsstoffar og andre forhold av miljømessig betyding skal være kartfesta og skildra.
  • Tiltak skal ikkje vere starta opp før tilskot blir innvilga."

Meir informasjon og søknadsskjema finn du på heimesida til Landbruksdirektoratet

Lokal strategiplan for SMIL - ordninga 2024-2027 finn du her. (PDF, 2 MB)

Kontakt

Anna Bilstad
Konsulent
Mobil 900 84 102

Tilstades måndag, tysdag og onsdag

Jan Teigen
Landbruksmedarbeidar
Mobil 994 51 073