Tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel

Gjeld tilskot til dekning av kostnadene til avløysing ved eigen sjukdom, sjukdom hos barn, svangerskap, fødsel, adopsjon eller omsorgsovertaking, og ved dødsfall.

Husdyr-, plante- og honningprodusenter kan innafor visse rammer få refundert utgifter til leige av arbeidskraft i følgjande tilfelle: 

  • avløysing i samband med sjukdom eller skade hos bonden 
  • avløysing i samband med svangerskap, fødsel, adopsjon og omsorgsovertaking av barn
  • avløysing i samband med sjukdom eller skade hos barn
  • avløysing i samband med at bonden døyr

Kort om ordninga:

Føremålet med ordninga er å bidra til å finansiere sjukdomsavløysing mv. Føretak som driv husdyrproduksjon eller heilårs produksjon i veksthus, kan få tilskot til avløysing gjennom heile kalenderåret. Føretak som driv plante- eller honningproduksjon, kan få tilskot til avløysing innanfor onnetida. Onnetida er som hovudregel frå 15. april til 1. oktobe

Vilkår:

  • Føretaket må vere registrert i Enhetsregisteret og drive vanleg jordbruksproduksjon.
  • Personen som har blitt avløyst, må ha hatt næringsinntekt frå jordbruk, gartneri m.m. frå føretaket dei to siste inntektsåra vedkomande hadde fått skatteoppgjer for per 1. januar i det året avløysinga finn stad.
  • For innehavarar av ENK blir det ikkje stilt krav til storleiken på næringsinntekta. Avdøde jordbrukarar, deltakarar i DA eller ANS, og ektefellar til innehavarar av ENK må ha hatt minimum ½ G i gjennomsnittleg næringsinntekt per år.

Søknadsfrist:

Seinast eitt år etter siste dag i den perioden du søkjer tilskot for.

Meir informasjon og søknadsskjema finn du på heimesida til Landbruksdirektoratet.

Kontakt

Kjersti Reksen
Konsulent
Mobil 947 99 432