Søk om plass i Vågå kulturskule

Søknadsskjema

Fristen for å søkje plass i kulturskulen er som regel kring mai/juni, men nærare dato blir annonsert via heimesida og via informasjon som blir delt til skuleelevane. For skuleåret 2017/18 er fristen for å bli med i hovudopptaket den 1. juni.

Prisliste - Vågå kulturskule - 2019
Prisliste - Vågå kulturskule - 2019
Type undervisning Pris pr år
Instrumental, vokal og korps 2.820,-
Teater, dans, karusell og kunst 2.460,-

 

Å vere elev ved Vågå kulturskule

Om du blir tatt opp som elev ved Vågå kulturskule, må du følgje reglane for kulturskulen. Den som får tilbod om plass får eit "forventningsnotat" som både elev og føresette skal sette seg inn i samband med skulestart om hausten. Dette notatet seier m.a. noko om øving, frammøte, respekt for lærarar og medelevar, motivasjon, samarbeid mellom kulturskulen og heimen, samt oppfølging av eleven sin innsats og utvikling.

 

Påmelding til kulturskulen er bindande!

Om du får plass og takkar ja til plassen vil du få rekning for fyrste halvåret, uansett om du byrjar eller ikkje. Dette m.a. av omsyn til kontraktar som blir gjort med lærarane og økonomien i kulturskulen.

Kontakt

Anita Moe
Kulturskulerektor
Telefon 61 29 36 27
Mobil 901 58 217

Har administrativt ansvar for kulturskulen, og følgjer opp UKM. Underviser i fløyte og teater.