Vi fekk 50 000 kr. av DnB stiftelsen til å lage gaming rom!

gaming på biblioteket Gro Dybvik  

Hurra! I dag fekk vi ein glad nyhende på morgonkvisten. DnB stiftelsen ringde og sa at vi fekk tilslag på søknaden vår om 50 000 kr. til å lage eit gamingrom på biblioteket. 

Prosjektet heiter E-sport på biblioteket. Vi samarbeider med Blue Elite E-sport, som rettleiar oss, og som skal vere med å lage gamingarrangement. No kan vi kjøpe inn utstyr! Jippi! Følg med, følg med!