Covid-situasjonen i Vågå, 3.2.21

I Vågå er det pr i dag 5 personar i karantene, men ingen med påvist smitte.

Totalt er det 172 personar som har fått vaksine i Vågå. Av desse er 45 (korrigert til 43 pr 5.2.21) ferdig vaksinert med to doser. Fortløpande vaksinering skjer ut frå antall doser som blir tilgjengeleg for Vågå. Alle som står for tur til å motta vaksine, vil bli kontakta av Vågå kommune direkte. Det er difor ikkje naudsynt å ringe for å melde seg for vaksinering.

Status i Sel kommune:
Det er pr i dag 15 personar med påvist smitte i Sel. 280 personar er sett i karantene. Av dei prøvene som vart sendt inn frå Sel i går, som det så langt er komme svar på, er det ikkje påvist nye smitta. Det er heller ikkje funne tilfelle av den muterte virusvarianten pr no.

Status i Lom kommune:
Det er i dag 1 person med påvist smitte i Lom. Lom kommune melder at smittevegen er kjend, og at det er god kontroll på situasjonen.


Det blir reist ein del spørsmål rundt farane ved den muterte virusvarianten. Det er viktig å understreke at det ikkje er påvist at den muterte varianten av viruset er farlegare, men den er meir smittsam, noko som gjer at potensialet for smittespreiing er større.

Vi vil difor berre minne alle på å følgje dei smittevernråd som gjeld til ei kvar tid.