Covid-situasjonen i Vågå, 21.12.20

Alle prøver, ca 70 stk, som vart sendt inn før helga er no analysert, og av desse er det ei - 1 - positiv prøve. Dei øvrige er negative. Dette siste smittetilfellet har samanheng med utbrotet før helga, slik at smittevegen er kjend og vedkomande var allereie i karantene.

Det er i dag sendt inn ytterlegare ein god del prøver, og resultat frå desse vil bli offentleggjort så snart dei er klare.