Covid-situasjonen i Vågå, 20.12.20

Kriseleiinga i Vågå kommune har hatt eit møte no, søndag ettermiddag. Det er ikkje påvist fleire med smitte gjennom helga, etter at vi har motteke svar på ca halvparten av dei prøvene som vart sendt inn fredag. Resterande prøveresultat er venta å komme inn i løpet av morgondagen, og ny informasjon vil bli lagt ut etter eit nytt møte i kriseleiinga i morgon kl 14.30.

Situasjonen er difor ikkje avklart enno og alle blir framleis oppmoda om å følgje råd for smittevern og begrense sosial omgang.