Covid-situasjonen i Vågå, 19.4.21

Det er ikkje komme nye positive prøveresultat gjennom helga, og vi har framleis to personar i isolasjon. Det er 25 personar som sit i karantene.

Det er ingen særskilde restriksjonar som gjeld lokalt i Vågå lenger, men vi følgjer dei nasjonale retningslinene, noko som inneber at det er opna for t.d. kultur- og idrettsaktivtetar for dei under 20 år. Det er ikkje ønskjeleg med kontakt over kommunegrensene, jf nasjonale retningsliner.

Oversikt over gjeldande regler og retningsliner

Vaksinasjon

Det er aldersgruppa født 1947 som no blir vaksinert, samt personar med underliggande sjukdom frå andre aldersgrupper.