Covid-19 situasjonen og vaksineringsstatus

Vågå har ingen positive testar og ingen i karantene pr. i dag.

Vi har hatt samarbeid med Sel om testing og koronatelefon også denne veka.

Vi fekk totalt 195 doser Pfeizer vaksine denne veka.

131 doser til 1. dose

64 doser til 2. dose.

Vi er nå i gang med å fullvaksinere dei som fekk si 1. dose med AstraZeneca. Alle som har fått 1. dose AstraZeneca vaksine vil få tilbod om vidare vaksinering med mRNA-vaksine, dei vil få BioNtech-Pfizer vaksine.  Det er den vaksinen vi har brukt heile tida,  men unntak av 187 vaksinedoser AstraZeneca. Vi har god erfaring med Pfizer vaksinen både lokalt og nasjonalt.  

Vaksinering av AstraZeneca vaksinerte med Pfizer vaksine  02.06.   Dei som fekk AstraZeneca i veke 10 skal ha 2. dose – 02.06. Dei personane dette gjeld skal ha fått eller vil få  ein sms ang. dette. Ynskjer du ikkje dose nr. 2 etter AstraZeneca vaksine må du ta kontakt med helsesenteret.  Viktig at du varsler oss, slik at vi får gjeve vaksina til nokon anna. Det er kort haldbarheit på vaksina etter at ho er utblanda. Derfor viktig at du seier frå om du ikkje vil ha vaksine.

Viktig informasjon til alle som har fått AstraZeneca vaksine, sjå link nedanfor.

Informasjonsbrev til FHIs samarbeidspartnere .pdf

Til deg som har fått første dose av AstraZeneca.pdf

Vaksineringsstatus:

 

Antal doser satt totalt

1806 doser

Tal personar med minst 1 dose

1178

Tal fullvaksinerte

628

Plan for vaksinasjon denne veke

Comirnaty/Pfizer: Totalt 195 doser.

 

I følge  prioriteringslista frå FHI er vi på trinn 4.  Alder 65-74 år. Samtidig personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp i listen over risikogrupper.  Ein liten prosent helsepersonell/ samfunnskritiske jobber.

Prioritet på vaksine denne veke (gruppe)

Tilbyr vaksine til personar i aldersgruppa 65-74 år. Trinn 4 i prioriteringslista frå FHI.  Dei eldste blir prioritert fyrst, saman med dei med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp

Plan for vaksinasjon neste veke

Vi er i avslutningsfasen av trinn 4. Det vil si at vi snart er ferdige med gruppa 65-74 år. Vi går da over til trinn 5 i prioriteringsrekkefølgen frå FHi. Samtidig blir personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp i listen over risikogrupper prioritert.  Dei 276 dosene blir fordelt slik:

173 doser skal gå til 1. dose. 3 doser til 2. dose etter Pfeizer/comirnaty.  100 doser til 2. dose etter AstraZeneca. Når vi går over i trinn 5 (personar under 65 år) vil det gå 12 veker mellom 1. og 2. dose. 

 

 

Koronavaksinasjonen vil foregå på Kulturhuset, event. Vågåhallen, onsdagar, event. torsdagar.

I forkant av vaksinasjonen skal du fylle ut eit eigenerklæringsskjema. På Vågå kommune si heimeside ligg det ein link til dette skjemaet.

Treng du bistand til å fylle ut skjema eller treng du skyss til vaksinasjonsstedet så meld frå om dette når vi ringer deg.

Navn på vaksina: Pfizer/Comirnaty.

Vi har hatt nokre få å vaksinere i trinn 4 (personar 65- 74 år) Er det nokon som ikkje har fått tilbod om vaksine som er 65 år eller eldre så gje oss beskjed. Det er  6 veker mellom 1. og 2. dose i aldersgruppa 65 år og oppover.

Vi går over i trinn 5 alder 55 – 64 år. Samtidig blir personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp i listen over risikogrupper prioritert. 

Vi ringer rundt til alle, men mange tek ikkje telefonen.  Dette krev ekstra mykje arbeid for oss. Blir du oppringt frå helsesenteret eller 95 25 39 90, så vær  vennleg å ta telefonen.

Når vi starter vaksinering i trinn 5 vil det gå 12 veker mellom 1. og 2. dose.

Sjå link ang. Prioriteringsrekkefølga frå fhi.no:

https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/

 

Hugs at alle vil bli kontakta for vaksinering når det er din tur. Du treng ikkje ringe for å høre når du får vaksine, vi ringer deg.