Covid-19 og nye nasjonale retningsliner frå og med 27.05.21

Norge går over til trinn 2 i sin gradvise gjenopning av samfunnet og legg opp til nye nasjonale retningsliner frå og med 27.05.21.

Det inneber mellom anna at skule og barnehage vil gå som normalt ("grønt nivå"), det blir oppmjuking av organisert aktivitet som trening, øving osb. for vaksne.  Det blir opna for fleire besøk heime, fleire deltakarar på offentlege og private arrangement og innanlandsreiser kan gjennomførast.

Sjå dei nye retningslinene her.

Så lenge situasjonen er stabil og vi ikkje har smitta innbyggjarar, vil det kome oppdateringar av Covid-situasjonen i Vågå ein dag pr. veke.

Hugs framleis:

Hald 1 meter avstand. Hald hendene reine. Hald deg heime viss du er sjuk.