Vågåheimen er den største enkeltarbeidsplassen i Vågå kommune.
Vågåheimen har totalt 32 pasientplassar.
Vågåheimen har ei langtidsavdeling med 18 plassar, ei avdeling med 8 plassar for 'demente' og ei korttidsavdeling med 6 plassar.
Vederlag for opphald på Vågåheimen (frå 1. januar 2022):
Langtidsopphald
- 75% av inntekter inntil grunnbeløpet i folketrygda (1G), fråtrekt eit fribeløp på kr 9.100,- for 2022. Betalinga skal avgrensast slik at den enkelte pasient har att minst 25% av grunnbeløpet til eige bruk i tillegg til fordelen i fribeløpet. Fribeløpet for berekning av vederlag for bebuarar som bur på dobbeltrom utan sjølv å ønskje det, er sett til kr 44.100,- for 2022
- 85% av inntekter ut over grunnbeløpet i folketrygda
- Sambuande blir likestilte med ektefellar etter folketrygdlova sine reglar
- Vågå kommune kan refundere buutgifter inntil 6 mnd etter framlagt dokumentasjon, der pasienten har under 1G i likvid formue (bankinskot). Frådraget gjeld kun for primærbustad
Korttidsopphald
- kr 180,- pr døgn (blir fastsett i samband med statsbudsjettet)
- kr 100,- for det enkelte dag- eller nattopphald (blir fastsett i samband med statsbudsjettet)
- Om pasienten har fleire korttidsopphald i løpet av året, blir vederlaget rekna som langtidsopphald når vedkomande har vore på institusjonen i meir enn 60 døgn pr kalenderår
Kurdøgnpris
Jf gebyrregulativet for 2022 - kr 3.450,-
Publisert av Roar Strand
Publisert 03.02.2017 13.29